MÅ VÅGE Å TENKJE NYTT – «Utbrot» del 1

I dag er det 25 år siden Marta Schumann døde.
Og hva passer vel ikke bedre enn å gjengi John Roald Pettersens fine intervju i NY TID fra 14. oktober 1989:

Vi må ikkje bli hengande fast i gamle tankar og gamle dogmer. Verda idag er slik at vi må tenkje nytt. Derfor er Marta Schumann glad om bøkene ho skriv kan hjelpe folk til å tenkje sjølvstendig. I haust gjer ho eit nytt forsøk, med boka «Utbrot».

 

– Idéane kjem ikkje ved arbeidsbordet. Dei kjem når ein held på med andre ting, og i hagen min har mange tankar falle på plass, seier Marta Schumann. Syttiåringen kjem med si åttande bok i år.

 

Det er ingen resignert pensjonist som møter meg i Rosenes by. Syttiåringen Marta Schumann, som denne hausten kjem med si åttande bok, forsikrar at ho framleis har rikelig med idéar og planar, og mykje ugjort enno. Ikkje så rart kanhende, når ho venta til ho var femti før den første boka kom.
Det sat djupt, fortel Marta Schumann. Ikkje skrivelysta, men det å tore å stå fram. Å kalle seg forfattar. Å ta sjansenpå å mislukkast. For ei middelaldrande kvinne, med trygg jobb i Televerket og familie å ta seg av, var det eit tungt steg å ta. Men eit steg ho aldri har angra på.
Eg hadde lenge visst at eg ville skrive. Notisblokka låg alltid i forklelommen, og vart fylt i ledige stunder mellom stell av tre ungar. I rutinearbeid, i vaskekjellaren. Den første boka trong ni år frå dei første notatane vart gjort til ho låg i bokhandelen.

Dei neste bøkene hadde ein langt lettare fødsel. Frå debuten i 1969 til i dag har ho levert sju romanar, og novellesamlinga «Fotfolk». Denne hausten kjem «Utbrot», ei realistisk, spanande forteljing, som også prøver å seie noko om farane i vår tid. Ein regnflaum løyser ut eit sandras og ramma reit heilt bygdesamfunn. Sju menneske finn ly i kommunehuset, og får drøfta grunleggjande problem i sine liv.– Det som er felles for desse sju, er at dei alle kunne ha avgrensa omfanget av katastrofen. Hadde dei sagt frå om ting, hadde dei vore oppmerksomme, kunne dei ha forhindra mykje. Men dei var alle mest opptekne av sine eigne små vanskar.
Eit bilde av verda i dag? Slik Marta Schumann har teikna bilder i tidlegare bøker, av ei verd truga av miljøøydelegging, av våpengalskap. Bøker som etterkvart har blitt svært ulike dei ho starta forfattarskapen med, dei historiske romanane frå fjordbygdene på Sunnmøre.
Det starta med nokre fotnotar i bygdeboka for Norddal, fortel Schumann. Fotnotar med underliggjande dramatikk og storhendingar, og som sette fantasien i sving. Samtidig grov ho seg ned i gamalt, spanande materiale saman med far en som arbeidde med jordbrukshistoria for bygda, og fekk gjennom dette både ein praktisk og språkleg detaljkunnskap som ho følte seg forplikta til å føre vidare. Resultatet vart trilogien «Korset under Skuggefjellet», «Jomfru Maria på Sæbostad» og «Femja».

Like etter at den første boka var antatt, var Marta Schumann råka av ei tragisk ulukke. Ho mista ein ung son, og det personlege vendepunktet ho då kom til, fekk også følgjer for forfattarskpen.Eit vendepunkt som mellom anna hadde sin bakgrunn i det å vere religiøs av natur, men ikkje finne heim for denne religiøsiteten. Å ikkje finne trosretniningar eller dogmer som ein høyrer heime i. Temaet handsama ho i boka «Kristi sine søner».
– Eg kom til eit punkt der eg skjønte at hovedidéane og intensjonane mine med bøkene gjekk lesarane forbi. At eg ikkje greidde å få fram tankane mine gjennom dei historiske romanane.
Og i staden for å kjempe imot, tok egd ei idéane som kom, anten dei gjekk på notid eller framtid, og prøvde å arbeide med grunnidéane i stoffet mitt.
Resultatet vart mellom anna «Våge å tenkje» (1983), ein framtidsroman om våpenkapplaup og stormaktsintriger, med klåre paralleller til det som har skjedd i Aust-Europa i ettertid. Og «Tynn hinne» (1986), ei bok om bristepunktet for vårt øydelagte miljø, som måtte skrivast om fordi Tsjernobyl-ulukka gjorde perspektiva meir aktuelle enn ho hadde tenkt seg.
– Ein kan ikkje la vere å engasjere seg når ein ser at det står menneskelege handlemåtar bak alt som skjer rundt oss. Kva gjer vi med dei opprinnelege eigenskapane våre, det har opptatt meg veldig, kva gjer vi med ondskapen og aggresjonen. Er det nokon som lærer mannen korleis han skal takle aggresjonen som ligg i han? Eller overlet vi det til dei som spekulerar i vald?

Engasjementet er stort. Samfunnet som idag let titusenvis av hender vere uverksame, samtidig som rekka er lang av ting som skrik etter å bli gjort, det samfunnet er evnelaust, slår ho fast. Men engasjementet har likevel ikkje ført ho inn i politisk verksemd. Tilboda har vore der, men skrivinga har gått framom. Eit omfattande kulturelt engasjement har ho imidlertid tatt seg tid til, og har haust både ære og kulturpris for innsatsen. Ho var ein av initiativtakarane bak «Naustet vårt» under Molde-festivalen, og ho var ein av dei som etablerte «Regionteatrets venner» når andre ville ha vassverk ostadne for kultur.
Å vere forfattar i molde kan vere einsamt, innrømmer Marta Schumann. Eit og anna treff i Møre og Romsdal Forfattarlag hjelper på, men ofte kan ein kjenne seg svært åleine i forfatterverda. Då er det godt å treffe andre som veit kva ein snakkar om.

Dei første bøkene fekk mykje og god omtale., men dei plasserte også forfattaren i ein bås. Ein bås som ikkje trekkjer til seg unge lesarar er ho redd. Ho skulle så gjerne ha nådd fram til dei, men kven vil lese «ei gammal dame sine historiske romanar», som attpå til har fått ord på seg for å ha eit tungt språk? Ho er heller ikkje i tvil om at ho som kvinneleg forfattar må streve med synleggjeringa, og må marknadsføre seg sjølv meir enn sine mannlege kollegaer. Det har ho følt gjennom heile forfattarskapen. Men det skal ho greie å å leve med, meiner ho, på same vis som ho må leve med dei som ber om at ho begynne å skrive «skikkelege» romanar igjen.
– Når eg krev at lesaren skal ta standpunkt, då blir det for mykje for dei som berre vil ha underhaldning. Men for meg er det ikkje nok å underhalde. Eg skriv heile tida i eit håp om at eg kan vere med på å vekke til sjølvstendig tenking. Eg trur verda treng menneske som gjer det.»

Vi skal følge opp med mange anmeldelser av «Utbrot».

Korset under Skuggefjellet – del 4

Lørdag 9. februar er det klart for Litteraturseminaret vårt.

Mange av foredragene kommer til å dreie seg om den historiske romantrilogien til Marta Schumann: Korset under Skuggefjellet, Jomfru Maria på Sæbostad og Femja.

Mange har den siste tiden lest særlig Korset under Skuggefjellet. Delvis i lesegrupper. Men også enkeltvis. Vi har fått mange gode tilbakemeldinger.

Vi har fått nyopptrykk av denne boka, det går an å kjøpe den på biblioteket. Den koster 300 kroner. Vi selger den på eget bokbord lørdag.

Her er noen av leserinntrykk vi har fått fra deltakere i en lesegruppe i Molde:

Olav Hauge, Molde
«For meg var det historie eg på eit vis kjende meg att i og fortalde om tida då eg trudde at så lenge etter reformasjonen hadde «den lutherske tru» som det heiter, festa rot over alt. Likte dessutan å kjenna att uttrykk som eg brukte som liten gut i indre Sogn og at dei var felles oppover langs kysten.»

Grete Skeide og Ståle Skårn, Aukra:
«Spesielt språk med mange gode nynorske ord frå oppveksten til oss over 60. Ei godt fortald historie med innblikk i levekår og tenkemåtar og tru/overtru så langt tilbake i tid. Og nokre spennande karakterar å følgje var det også.»

Anne Kari Teigen, Molde:
«Tykte Schumann var verd å lese pga god historieformidling, dvs. ho gav spennande historiekunnskap frå tida handlinga var lagt til. Svært god miljøskildring; spesielt i første del.»

Lars Oltedal, Molde:
«Historisk interessant. Truverdig handling og godt språk.»

Asbjørn bua, Molde:
«Må framheve språket, gode lydmalande dialektord. Styrker truverdet. Gode Lokalhistoriske skildringar både av kvardag og høgtid. Menneska er skildra med psykologisk innsikt der dei lever i/og er prisgitt dei vakre, men sterke og dramatiske naturelementa i ein Vestlandsfjord.»

Vi håper disse inntrykkene og seminaret kan gi deg lyst til å lese.

Korset under Skuggefjellet – Del 3

I artikkelen «I lyset fra diktiningen», i boka Bygd og by i Norge Møre og Romsdal, av Pio Larsen (1977), skriver Per Amdam:

«Med sans for realitetene, evnen til å se livet bak historiske dokumenter og et personlig varmt forhold til gamle tradisjoner, tar Marta Schumann oss med inn i en bygd på Sunnmøre på 1700-tallet. Født Myklebust, vokst opp i Valldal med en skatt av muntlige overleveringer, fortellerkunst i uropprinnelig dialekt, ble det til slutt for henne et kall å bringe skatten opp i dagens lys. I en mektig romantrilogi, som begynner med Korset under Skuggefjellet, settes røtter i Olavsminnene og i historien om et av de mange ras i Storfjorden. Så utspilles livet både i dramatikk og til hverdags, på embetsmannsgård, i storstue og fattighus, men fremfor alt i menneskesinn. Slik var det altså, tenker vi når vi slukker vår nattlampe og takker for dikterlyset.»

Om steder og annet
«… Men eg har dikta heilt fritt inn personar, stader og handling slik som det passa meg», sa Marta Schumann. «Av stadnamn nyttar eg Jamtegarden frå røyndommen.» Noen flere riktige navn bruker hun, men selv om de fleste er diktet opp, kjenner en seg igjen i naturen i Valldal når en leser disse historiske romanen. Og historien om Hellig Olav ligger hele tiden bak.

I 2016 overnattet vi på Juvet Landskapshotell og vandret til Olavskjelda, Olavshellaren og Gudbrandsjuvet. Ikke visste jeg hva jeg skulle gi meg ut på i 2018/2019.

x

      

Sammen med Britt (Schumann) var jeg sommeren 2018 på møter i Valldal om markering av 100-årsminnet der.
Etterpå vandret vi med romanen Korset under Skuggefjellet i tankene.
Det er ingen tvil om at Skuggefjellet er Syltefjellet. Skyggen av dette fjellet må være merkbar for den som bor eller ferdes under det.

x

Brekka sier de i dag også, eller Korsbrekka. Det var hit Sakse gikk for å speide ut fjorden og vente på at jekta med far som hadde vært til Trondheim, skulle komme. Her på Brekka var det gamle-Sakse hver gang han og litle-Sakse var der alene, hadde fortalt om Hellig Olav.
«Og då sat han Sant-Ola her oppå, just her oppå Brekka og kvilde seg, og såg på det skipa hans låg nedi fjøra og brann opp. Då var det ikkje veg attende, då laut han fram. Og då var det han ha karane sine te´sette opp eit kors her, og so hald dei teneste –.»
Historien om Hellig Olav både var og er sterk i Valldal. Sakses far fortalte: «… Endå  eg heve funne det som er skreve om han Hellig.Ola og det som hendte då han for her forbi, … (…) Han Siewertz i Trandem (Trondheim) hev boka, – du lyt kome deg dit og få lese om det, du med.»
Jomfru Maria på Sæbostad kommer Sakse til Trondheim og får lese Snorre.

Sakse gikk stadig til Brekka for å se etter jekta. Etter ei tid fant han rester av et gammelt trekors. Og han planla å sette opp igjen et kors her. «– Olsok-natta hadde vore rette tida.»
Hvor mange gamle trekors det har vært her opp gjennom årene, er ikke godt å vite, men olsok omkring 1850 satte bygdafolket opp en bauta med kors på toppen. Et kors for å minne om hendelsen i 1029.

x

Sjøormen
I begynnelsen av Korset under Skuggefjellet står Sakse og ser mot fjellet Øyastabben:
(Bildet er et utsnitt fra bildet som henger på kaféen på Sylte.)
«… for Øyastabben var hengebratt, berre med ei og anna fure fastkrøkt her og der i sprekkene. Heilt utattmot fjorden var fjellveggen slett aldri so høgt opp. Det var der sjøormen sat fast, denne overhendig store, kvite sjøormen som han Hellig-Ola hadde teke på åra og slengt frå seg so hardt at han sat der den dag i dag. Det var guten sin som var sterk!»

Helt til slutt i den første romanen kan vi lese:
«Han vende seg inst inn på Moa og såg att. Skuggefjellet, ja, det hadde han gløymd. Men det var der korset skulde stå. Korset skulde dei sjå heretter, og ikkje stire seg øre på Skuggefjellet. Det var no elles ikkje noko Skuggefjell lenger, berre ein skrape bergvegg, – blå borti lette sommerkvelden.»


Jomfru Maria på Sæbostad kan vi lese om Juvet:
«Jomfru Thesen rysste i holdet på stokkebrua over Juvet, – torde ikkje sjå nedi fossen og jettegrytene og holgangane i berget, og sat kvit og still etteråt, ei lang ykt. Han (Sakse) prata so smått for å roe henne, – fortalde om han Gudbrand som bykste over Juvet då futen var etter han, og sidan om den tid han Sant-Ola fór her med hæren sin, og rydda just denne vegen i styggaste ura.»

Det er ikke uten grunn vi planlegger å få til ei vandring i Marta Schumann historiske verden i Valldal sommeren 2019.  Følg med. Og kjøp Korset under Skuggefjellet på biblioteket i Molde.

Astor Furseth har skrevet om Korsbrekka på Digitalmuseum. Du finner det her.
Olav den helliges saga finner du i Snorre.
Og Gudbrandsjuvet finner du beskrevet mange steder, f.eks. her.

Korset under Skuggefjellet – Del 2

Marta Schumanns debut i 1969 vakte oppsikt.
Hun fikk Sunnmørsprisen for debutromanen sin allerede samme året.
Anmeldelsene var mange og gode.

Steinar Ihle i Dagen:
«Ein treng ikkje lese meir enn dei første sidene i denne digre romanen før ein blir klår over at Noreg har fått ei ny stor forfatterinne. Der riggar ho med stø meisterhand opp den første  store kulisse: Fjorden. Sidan kjem fleire til, og dramaet er i full gang: eit folkelivsdrama frå Sunnmørsfjordane på 1700-talet. … Det som likevel er aller mest imponerande hjå denne debutanten er hennar evne til å skapa og halda oppe den historiske illusjon. Her blir det i sanning anda liv i støvet.»

Ole Langseth i Aftenposten:
«Forfatterinna sit tvillaust inne med store kulturhistoriske kunnskaper, men ho demonstrerer dei ikkje i utrengsmål slik at lesaren kjem til å tenkje på museumsmontrar … Det fullvaksne hos ein diktar – som hos eit menneske elles – kjem best til syne i at vedkomande kan vega heilskap og einskilddelar mot kvarandre. Den prøva har Marta Schumann greidd med glans alt i fyrste boka.»

Asbjørn Omberg i Morgenposten:
«Forfatterinnen er blottet for sentimentalitet. Stilen er knortete som en uryddig stubbemark, men har sin artistiske egenverdi. Setningene, ikke minst naturskildringene – står som klingende språkblomster, som villroser nedover sidene. Det er maleren Astrup i ord, han var også fra de kantene.»

Arvid Dahle i Adresseavisen:
«De egenskaper og det livssyn disse menneskene utvikler under sin harde kamp for tilværelsen er en del av vår arv – en arv som vi vel ennu i noen grad lever på og nyder godt av.»

Elling Tjønneland i Romsdals Budstikke:
«Debutanten står fram som fullbefaren forfatterinne, menneskeskildrer og kjenner av sitt stoff, og hun tilhører ikke lenger bare Molde. Hennes roman Korset under Skuggefjellet gjør uten videre krav på en æret plass i Norges litteratur.»

Og til slutt, Bjarte Alme i Sunnmørsposten:
«Dette er noko vi har bruk for, og som mange vil glede seg over. Vi vil også bli glade om fru Schumann kan kome med meir. Ho har sikkert meir stoff og meir kunnskap, og ho skriv – ja – knakande godt.»

Det kom mer:
Jomfru Maria på Sæbostad og Femja. 

Da trilogien ble fullført med Femja i 1973 skrev Dag Solstad i Vinduet:
«… Dessverre vil ikke romanen om fattigjenta Femja bli folkelesning. Det er delvis forfatterens egen skyld. Boka er vanskelig tilgjengelig. Språket er arkaisk og krydret med dialektord i et slikt omfang at det har vært nødvendig å utstyre boka med ordliste bakerst. (…) Det er fint at det skrives skikkelige historiske romaner her i landet, sjøl om det vil være få som leser dem. Personlig er jeg svak for sta, tverre og grundige håndverkere som Marta Schumann, som uten å skjele til mottakelsen går sine egne veier.»

Ja, flere skrev at de historiske romanene hennes var vanskelig tilgjengelige.
Mange vanlige lesere følte og føler også det. Men dersom en greier å ikke henge seg spesielt opp i ord en ikke forstår, er det engasjerende, sterke historier hun forteller.

Kanskje kan seminaret den 9. februar gi leselyst? Der skal flere av innleggene ta for seg disse historiske romanene. Liv Bliksrud skal snakke om dem, Jan Eivind Myhre skal ta for seg den historiske bakgrunnen og Tor Erik Jenstad skal snakke om språket.

Romanen er nå trykt opp på nytt, og du kan kjøpe den på biblioteket i Molde.

Det kommer en del 3.

Korset under Skuggefjellet – Del 1

50 år etter at Marta Schumann debuterte, 100 år etter at hun ble født:
I dag kom Korset under Skuggefjellet i salg som paperback etter å ha vært utsolgt i mange år.
Dette er første bind i den historiske romantrilogien som utspiller seg på Sunnmøre på 1700-tallet. Der gården Sæbostad og Ardalen er inspirert av hennes egne slektsgård Myklebust i Valldalen. Romanen er «delvis inspirert av stoff som hennes far, fylkesagronom og bonde Gerhard Myklebust, samlet om det veldige drama som natur og tidsforhold har spilt ut i bygdene våre på Vestlandet», sto det på omslaget.

Lørdagsportrettet 28. januar 1989 i Romsdals Budstikke i anledning av at Marta Schumann fylte 70 år, forteller hun om debutromanen:
«– Forfattaren hadde eg nok i magen lenge før eg debuterte i mitt femtiande år. (…) Ein god del år før Korset under Skuggefjellet kom ut i 1969 kom eg borti ulike former for historisk stoff. Vi budde i si tid i Hamar, og i middelalderdokumentet Hamarkrøniken var det som eg høyrde bestefar snakke. Men eg måtte finne mi eiga form med røter i barndomslandet og -språket. På den tida kom det ut slektssoge frå Norddal kommune. Andre skrifter som fekk meg på gli var Sakarias Ansoks intervju med folk i strand- og fjellbygdene på Sunnmøre og Hans Strøms bok Søndmørske Beskrivelser. Faren min, fylkesagronom Gerhard Myklebust, skulle skrive jordbrukshistoria til bygdeboka, og dette hjelpte eg til med. Til slutt sat eg med masse stoff som eg ville gi liv til.

SKREIV I DJUPASTE LØYNDOM
Dei som har lese trilogien Korset under Skuggefjellet, Jomfru Maria på Sæbostad og Femja vil ikkje være i tvil om at Marta Schumanns dikteriske røter ligg djupt i landskap og miljø i Valldal på Sunnmøre, der ho blei født i 1919. (…) Det var etter ei lang mogningstid ho tok steget ut av fast jobb i Televerket i 1966.
– Eg hadde då kome til eit punkt i skrivinga mi der eg måtte bestemme om eg skulle gjere noko skikkeleg ut av det eller legge det bort. Eg skreiv i djupaste løyndom. Per Amdam fekk meg til å skrive eit halvt manuskript ferdig, og så fekk eg konsulenthjelp gjennom Brikt Jensen i Gyldendal. I den tida skreiv eg overalt, på kjøkenet, i vaskekjellaren og elles der eg utførte anna arbeid samtidig. Eg kjempa ein hard kanp med språket, for eg ville først og fremst at folket der inne i fjorden skulle forstå meg og kjenne seg igjen. Nynorskforfattarar som Duun og Krokann heldt eg meg langt unna for at eg skulle skape noko som berre var mitt. Undset hadde eg forlengst tatt inn i meg, men ho har trass alt ei anna form og ein annan uttrykksmåte enn min. Vi kan ikkje samanliknast. Men eg ville gjere mitt stoff levande slik ho gjorde sitt levande. Eg kjende sterkt at stoffet mitt fortente det.

– FORANKRING I VALLDAL
Kor tett opp til røyndommen ligg bøkene frå Sunnmøre på 1700-talet?
– Det er barndomslandet mitt eg skriv om. Og at Sæbostad er Myklebust, er det ikkje tvil om. Men eg har dikta heilt fritt inn personar, stader og handling slik det passa meg. Noko er heilt autentisk, som til dømes det store skredet i første boka, som kan datofestast. Av stadnamn nyttar eg Jamtegarden frå røyndommen. Då eg skreiv bøkene mine om folket der nede, slo det meg kor få segner det er igjen på folkemunne etter alt det dramatiske som skjedde i bygda der. Eg trur kanskje dei hadde for mykje å stri med i kvardagen til at dei kunne lage seg segner om det som låg i fortida. Ja, eg har ei sterk forankring i Valldal på 1700-talet, men utan å låse meg fast i historia.»

I del 2 kommer glimt fra anmeldelser av debuten.

Prosjektgruppa for «Marta Schumann 100 år» står for opptrykket. Det var ikke mulig å få Gyldendal til å gjøre det.
Boka er i salg i skranken på Molde bibliotek, kr. 300.- kontant. Og vil komme i bokhandlene.

Alle lappene som delvis stikker ut av romanen, er for mine forberedelser til foredrag under det litterære seminaret 9. februar.

En blogg til minne om Marta Schumann

På denne siden vil du etter hvert finne innlegg med stoff knyttet til Marta Schumann og til minnemarkeringene som skal skje i 2019. Siden inneholder biografi og bakgrunnsstoff.

I Molde er hovedmarkeringen 9. februar, med litterært seminar og minneforestillingen Blå krukke.

Billettsalget til minneforestillingen starter 17. januar.

Seminaret er gratis. Du finner påmeldingsskjema her.

Du kan legge igjen kommentarer til innleggene.
Du kan få varsel om nye innlegg om du fyller ut med e-postadresse i feltet Varsle meg.