MÅ VÅGE Å TENKJE NYTT – «Utbrot» del 1

I dag er det 25 år siden Marta Schumann døde.
Og hva passer vel ikke bedre enn å gjengi John Roald Pettersens fine intervju i NY TID fra 14. oktober 1989:

Vi må ikkje bli hengande fast i gamle tankar og gamle dogmer. Verda idag er slik at vi må tenkje nytt. Derfor er Marta Schumann glad om bøkene ho skriv kan hjelpe folk til å tenkje sjølvstendig. I haust gjer ho eit nytt forsøk, med boka «Utbrot».

 

– Idéane kjem ikkje ved arbeidsbordet. Dei kjem når ein held på med andre ting, og i hagen min har mange tankar falle på plass, seier Marta Schumann. Syttiåringen kjem med si åttande bok i år.

 

Det er ingen resignert pensjonist som møter meg i Rosenes by. Syttiåringen Marta Schumann, som denne hausten kjem med si åttande bok, forsikrar at ho framleis har rikelig med idéar og planar, og mykje ugjort enno. Ikkje så rart kanhende, når ho venta til ho var femti før den første boka kom.
Det sat djupt, fortel Marta Schumann. Ikkje skrivelysta, men det å tore å stå fram. Å kalle seg forfattar. Å ta sjansenpå å mislukkast. For ei middelaldrande kvinne, med trygg jobb i Televerket og familie å ta seg av, var det eit tungt steg å ta. Men eit steg ho aldri har angra på.
Eg hadde lenge visst at eg ville skrive. Notisblokka låg alltid i forklelommen, og vart fylt i ledige stunder mellom stell av tre ungar. I rutinearbeid, i vaskekjellaren. Den første boka trong ni år frå dei første notatane vart gjort til ho låg i bokhandelen.

Dei neste bøkene hadde ein langt lettare fødsel. Frå debuten i 1969 til i dag har ho levert sju romanar, og novellesamlinga «Fotfolk». Denne hausten kjem «Utbrot», ei realistisk, spanande forteljing, som også prøver å seie noko om farane i vår tid. Ein regnflaum løyser ut eit sandras og ramma reit heilt bygdesamfunn. Sju menneske finn ly i kommunehuset, og får drøfta grunleggjande problem i sine liv.– Det som er felles for desse sju, er at dei alle kunne ha avgrensa omfanget av katastrofen. Hadde dei sagt frå om ting, hadde dei vore oppmerksomme, kunne dei ha forhindra mykje. Men dei var alle mest opptekne av sine eigne små vanskar.
Eit bilde av verda i dag? Slik Marta Schumann har teikna bilder i tidlegare bøker, av ei verd truga av miljøøydelegging, av våpengalskap. Bøker som etterkvart har blitt svært ulike dei ho starta forfattarskapen med, dei historiske romanane frå fjordbygdene på Sunnmøre.
Det starta med nokre fotnotar i bygdeboka for Norddal, fortel Schumann. Fotnotar med underliggjande dramatikk og storhendingar, og som sette fantasien i sving. Samtidig grov ho seg ned i gamalt, spanande materiale saman med far en som arbeidde med jordbrukshistoria for bygda, og fekk gjennom dette både ein praktisk og språkleg detaljkunnskap som ho følte seg forplikta til å føre vidare. Resultatet vart trilogien «Korset under Skuggefjellet», «Jomfru Maria på Sæbostad» og «Femja».

Like etter at den første boka var antatt, var Marta Schumann råka av ei tragisk ulukke. Ho mista ein ung son, og det personlege vendepunktet ho då kom til, fekk også følgjer for forfattarskpen.Eit vendepunkt som mellom anna hadde sin bakgrunn i det å vere religiøs av natur, men ikkje finne heim for denne religiøsiteten. Å ikkje finne trosretniningar eller dogmer som ein høyrer heime i. Temaet handsama ho i boka «Kristi sine søner».
– Eg kom til eit punkt der eg skjønte at hovedidéane og intensjonane mine med bøkene gjekk lesarane forbi. At eg ikkje greidde å få fram tankane mine gjennom dei historiske romanane.
Og i staden for å kjempe imot, tok egd ei idéane som kom, anten dei gjekk på notid eller framtid, og prøvde å arbeide med grunnidéane i stoffet mitt.
Resultatet vart mellom anna «Våge å tenkje» (1983), ein framtidsroman om våpenkapplaup og stormaktsintriger, med klåre paralleller til det som har skjedd i Aust-Europa i ettertid. Og «Tynn hinne» (1986), ei bok om bristepunktet for vårt øydelagte miljø, som måtte skrivast om fordi Tsjernobyl-ulukka gjorde perspektiva meir aktuelle enn ho hadde tenkt seg.
– Ein kan ikkje la vere å engasjere seg når ein ser at det står menneskelege handlemåtar bak alt som skjer rundt oss. Kva gjer vi med dei opprinnelege eigenskapane våre, det har opptatt meg veldig, kva gjer vi med ondskapen og aggresjonen. Er det nokon som lærer mannen korleis han skal takle aggresjonen som ligg i han? Eller overlet vi det til dei som spekulerar i vald?

Engasjementet er stort. Samfunnet som idag let titusenvis av hender vere uverksame, samtidig som rekka er lang av ting som skrik etter å bli gjort, det samfunnet er evnelaust, slår ho fast. Men engasjementet har likevel ikkje ført ho inn i politisk verksemd. Tilboda har vore der, men skrivinga har gått framom. Eit omfattande kulturelt engasjement har ho imidlertid tatt seg tid til, og har haust både ære og kulturpris for innsatsen. Ho var ein av initiativtakarane bak «Naustet vårt» under Molde-festivalen, og ho var ein av dei som etablerte «Regionteatrets venner» når andre ville ha vassverk ostadne for kultur.
Å vere forfattar i molde kan vere einsamt, innrømmer Marta Schumann. Eit og anna treff i Møre og Romsdal Forfattarlag hjelper på, men ofte kan ein kjenne seg svært åleine i forfatterverda. Då er det godt å treffe andre som veit kva ein snakkar om.

Dei første bøkene fekk mykje og god omtale., men dei plasserte også forfattaren i ein bås. Ein bås som ikkje trekkjer til seg unge lesarar er ho redd. Ho skulle så gjerne ha nådd fram til dei, men kven vil lese «ei gammal dame sine historiske romanar», som attpå til har fått ord på seg for å ha eit tungt språk? Ho er heller ikkje i tvil om at ho som kvinneleg forfattar må streve med synleggjeringa, og må marknadsføre seg sjølv meir enn sine mannlege kollegaer. Det har ho følt gjennom heile forfattarskapen. Men det skal ho greie å å leve med, meiner ho, på same vis som ho må leve med dei som ber om at ho begynne å skrive «skikkelege» romanar igjen.
– Når eg krev at lesaren skal ta standpunkt, då blir det for mykje for dei som berre vil ha underhaldning. Men for meg er det ikkje nok å underhalde. Eg skriv heile tida i eit håp om at eg kan vere med på å vekke til sjølvstendig tenking. Eg trur verda treng menneske som gjer det.»

Vi skal følge opp med mange anmeldelser av «Utbrot».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *